Rett før jul mottok me tilskot frå Kulturminnefondet til restaurering av Gamlastovo, eit av dei gamle husene på gardsbruket vårt, som me skal nytte som overnattingsplass til besøkande!
Berre nokre få dagar før jul fekk me den gledelege nyheiten om at me fekk tildelt 260000kr til restarering
av Gamlastovo som står i klyngetunet i Aarvik, slik at no får me tatt vare på bygget og restaurert det i tråd med gamle byggeskikkar. Per Åke Svensson Støpseth i Vestlaft Tradisjonshandtverk i Sævareid (nabobygden der mormor Lorentze bur) skal hjelpe oss med å få satt i stand bygget for å ta vare på det for ettertida.
Gamlastovo står i klyngetunet saman med Røykstovo, Stabburet og Skukkjo og skal nyttast som ein del av overnattingstilbodet på garden.
STÅO ELLERS
Sveinung er ferdig med teikningane på bakeriet i løo. Han har jobba med og sendt inn den første søknaden til kommunen og snart får han sendt inn byggesøknad også, så snart me har fått svar frå kommunen på den første søknaden.
Her blir nytt renseanlegg (som kjem til å bli eit krav) som også blir ein kjempeinvestering for oss. Me har fått inn tilbod på El.jobben og ventar på nokre andre tilbod også for dei andre jobbene som må gjerast.
Den totale kostnadsrammen for heile prosjektet er no på ca 9,5mill kronar, og det kan godt hende me må dele det opp i fleire byggetrinn over fleire år om me ser at økonomien ikkje strekk til. Prosjektet er heilt avhengig av kva støtte me eventuelt vil få frå Innovasjon Norge, noko som absolutt ikkje er sjølvsagt! Eg har jobba mykje med å lage til planar og søknader til ulike instansar for å sikre delar av finansieringen saman med lån.
No har eg også laga omfattande budsjetter for drift og likviditet dei neste 5åra og investeringsbudsjett. Me gjer så godt me kan for å kutte hardt ned på kostnadar både privat og i bedriften sidan eg no ikkje har inntekt, og me må nok belage oss på nokre krevjande år, noko som absolutt høyrer med når ein startar med noko nytt. Og me gler oss veldig til fortsettelsen av det kjekke og harde arbeidet med å realisere drøymen vår.
Alt godt,
Familien Aarvik
2023 Alle rettigheter forbeholdt Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage