Personvernerklæringa handlar om korleis Aarvik Gård samlar inn og brukar informasjon om besøkande på våre nettstader. Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når opplysningar blir samla inn frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19), og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18, 1.ledd).
Aarvik Gård, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Det er frivillig for dei som besøkjer nettsidene å oppgi personopplysningar i samband med tenester som å motta nyheitsbrev og å sende oss ein førespurnad via vårt kontaktskjema. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre noko anna er spesifisert.
Webanalyse og informasjonskapslar (cookies)
Som ein viktig del av arbeidet med å lage eit brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøkjer nettstaden. For å analysere informasjonen, bruker vi analyseverktøyet i Without Code.
Without Code brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren sin datamaskin), som registrerer brukarnas IP-adresse, og som gir informasjon om den enkelte brukaren sine bevegelsar på nett. Døme på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knyte informasjon om di bruk av nettstaden til deg som enkeltperson.
Informasjonen som blir samla inn av Without Code, blir lagra på Without Code sine serverar i Canada. Ein IP-adresse er definert som ein personopplysning fordi den kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson.
Aarvik Gård nyttar Without Code si sporingsskode som anonymiserer IP-adressa før informasjonen blir lagra og behandla av Google. Dette gjer at den lagra IP-adressa ikkje kan brukast til å identifisere den enkelte brukaren.
Del/tips-tenesta
Funksjonen "Del med andre" kan brukast til å videresende lenker til nettstaden på e-post, eller til å dele innhaldet på sosiale nettverk. Opplysningar om tips blir ikkje logga hos oss, men blir utelukkande brukt der og då for å leggja inn tipset hos nettsamfunnet. Vi kan likevel ikkje garantera at nettsamfunnet ikkje loggar desse opplysningane. Alle slike tenester bør difor brukast med vett. Dersom du nyttar e-postfunksjonen, brukar vi berre dei oppgjevne e-postadressene til å sende meldinga vidare utan nokon form for lagring.
Korleis handtere informasjonskapslar i nettlesaren din
På https://nettvett.no kan du lese om korleis du stiller inn nettlesaren for å akseptere/avvise informasjonskapslar, og få tips til tryggare bruk av internett.
2023 Alle rettigheter forbeholdt Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage