Gamlastovo
Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til å nyte den vakre plassen på gardsbruket vårt og me gler oss over å få dele vårt vesle paradis med dykk!
Her skal de virkelig få moglegheit til å roe ned sjelen og komme til dykk sjølv og få vere ein del av naturen.
Lån robåten eller ta ein forfriskende dukkert i sjøen før frukost med nybakt surdeigsbrød frå gardens økologiske bakeri og kafè
Oldemors stove
I bonderomantiske Oldemors stove er det plass til 3 personar, med moglegheit for ekstra madrass til ein til.
Her er nydeleg utsikt over fjorden og hagen og det er kun 20m å gå til bakeriet og Smålhuset med alle gardsdyrene ligger like nærheten.
Oppleving med overnatting?
Hos oss kan de til dømes kombinere kurs med overnatting og moglegheit for å bestille frukost og lunsj. Om de ynskjer middag, kan me sette dykk i kontakt med gode cateringselskap i nærleiken.
Her er også gode moglegheiter for bading i sjø og elv, fjellturar eller fisketur. Ta kontakt med oss for ein prat om dine ynskjer.