Bondebord og dugnadshelg på gardsbruket

Den siste veko har vore travel og me har gjort mykje med god hjelp frå venner, bekjente og bondekollegaer! I tillegg har me hatt det fyrste bondebordet på garden til stor lukke for store og små!

Dugnadshelg


Dei siste par vekene har vore travle i Aarvik!


Førre helg var eit heilt arbeidslag med på dugnad for å hjelpe oss igong slik at me er klare til me får klarsignal frå kommunen og IN. Det vart gjort utruleg mykje på kort tid og alle var overveldande ivrige! Her vart rive ned veggar, demontert båsar, bært, kosta, pakka og køyrt bort eit stort lass med gamle plater og isolasjon frå både i floren og oppe på loftet.


I tillegg fekk me støypt golvet inne på kjøkenet i Gamlastovo. Me koste oss saman med god mat i Røykstovo og folk vart kjent med nye folk, noko som alltid varmar mitt hjarte stort. Godt arbeid, fellesskap og relasjonar på tvers av generasjonar og interesser.

 

Bondebord


Helgen etter var tida kommen for eit lokalt bondebord, her var me ein gjeng som enten er i ferd med å bli bonde eller som har vore bønder i lang tid saman med familiar for å ha det litt sosialt og kjekt i lag, samstundes som me fekk utveksle erfaringar og nokre drøymar om at me alle kan ta betre vare på naturen.


Me gjekk ein runde rundt på garden, der me helsa på kystgeitene våre og hadde ein rundtur på gardsbruket for å vise kva planar me har for framtida.


Mange bekkar små gjer ein stor Å, noko me verkeleg har kjent på den siste tida! Me er utruleg takksam!

 

6. januar 2024
Gardsbutikken åpnet for fyrste gong i desember 2023 og det var utruleg kjekt å endelig kunne ynskje folk velkommen til gards!
Av styveranita 5. januar 2024
Rett før jul mottok me tilskot frå Kulturminnefondet til restaurering av Gamlastovo, eit av dei gamle husene på gardsbruket vårt, som me skal nytte som overnattingsplass til besøkande!
Share by: