Gardsbutikken på stabburet i Aarvik

Gardsbutikken åpnet for fyrste gong i desember 2023 og det var utruleg kjekt å endelig kunne ynskje folk velkommen til gards!


Laurdagene i desember holdt me åpent gardsbutikken/gardsmuseumet på stabburet nede i Aarvik og me laga til ein liten gardskafé i gamlahuset, Røystovo som det blir kalla grunna jordet i taket.

Me tok oss friheiten til å bestille inn litt ekstra godsaker som kunne passe bra i julegåve eller til ein sjølv,  eller berre for kosens skuld 🥰

Framover i tida vil innhaldet på stabburet variera, men her kan de finna blant anna fenalår, eplemost, småflasker med blåbærjuice, ripsjuice, bringebærbrus som passar ypperleg på bordet i selskap og som eit godt alternativ til brus/alkohol! Marsipan, sjokolade frå 
@summerbirdorganic , syltetøy av ulikt slag, dessert-eple -plommer -moreller, olivenoljer og balsamiko frå @olivenlunden1830, sennep som smakar uovertruffent nydeleg frå @lissellas.senap og eit must til kjøttpålegget og så har eg laga eplemos sjølv i år frå Kjeldapal-treet som står med Aarvik-elvo. Eg er ein smule stolt av denne produksjonen fordi eplene er veldig små og alt er skrella og renska for hand av svigermor og meg. Eg har tilsatt litt borbounvanilje og sitronsaft til eplemosen og rårøyrsukker, ikkje noko anna!

No i desember laga eg julegraut i Røykstovo på fullkorns grøtris og heilmjelk, sveler og scones og så hadde me deilige smurte krotakaker/hardangerlefser frå Mari og Kjetil på Gjengevoll Mangesysleri. Her var kaffi laga på bønner frå Stavanger kaffebrenneri, ulike typar drikker frå Safteriet i Stavanger og blåbærdrikk frå Møystad gård.

Alle som ville fekk også få helse på hønsene og dei supersøte og litt rampete Kystgeitene våre; Erna, Anora, Linnéa, Fiona, Kalven, Stjerna, Hanna, Dora og snillaste Ina.

Her vart det førjulsstemning med den gode følelsen av nostalgi i gamlahusene våre desse laurdagene i desember.

Alt godt,
Storfamilien i Aarvik

#småbruk #vestlandsbonden #førjulstid #gardsbutikk #økologisk #reinmat #lidenskapformat #gårdskafé

23. januar 2024
Den siste veko har vore travel og me har gjort mykje med god hjelp frå venner, bekjente og bondekollegaer! I tillegg har me hatt det fyrste bondebordet på garden til stor lukke for store og små!
Av styveranita 5. januar 2024
Rett før jul mottok me tilskot frå Kulturminnefondet til restaurering av Gamlastovo, eit av dei gamle husene på gardsbruket vårt, som me skal nytte som overnattingsplass til besøkande!
Share by: