Kurs hos Aarvik gard

Hos Aarvik gard helde me ulike kurs i løpet av året. Har du lyst å lære korleis du kan bake med surdeig? Eller kanskje du trenger å roe ned sjelen og komme i balanse med deg sjølv? Då passar det å komme til fredelege Aarvik gard på Yoga-helg.

Kurs hos Aarvik gard


Hos Aarvik gard helde me ulike kurs i løpet av året. Har du lyst å lære korleis du kan bake med surdeig? Eller kanskje du trenger å roe ned sjelen og komme i balanse med deg sjølv? Då passar det å komme til fredelege Aarvik gard på Yoga-helg.

Surdeigskurs

På kurset får du praktisk opplæring i korleis du bakar med surdeig og dekoreringsteknikkar, kva som skjer i deigen når den fermenterer og kvifor det er godt for kroppen og tarmens unike og mange bakteriar. Du vil lære korleis du skal halde startaren din frisk og i god form og me går innom dei ulike urkorn sortane.


Kurset inkluderer:

5timar praktisk opplæring, ferdigsteikte rundstykker, 1 surdeigsbrød, 2 deigar til å steike heime, snitteblad (ikkje skaft), surdeigsstartar, oppskrifter med fremgangsmetode og ein god lunsj med pålegg frå lokale gardar og økologiske gardar og nybakte surdeigsrundstykker bakt på svedjerug og landhvete. Samt kort omvisning i klyngetunet om ynskjeleg.


Ta med 1 syltetøyglas, 2 brødformar eller hevekorg, gode sko, forklede, kjøkenhandklede og gjerne kjølebag til å ha deigane dine i til heimvegen.


Pris kr: 1800 kr,  110kr i tillegg dei 2 siste kursa når me lagar surdeigsjulebrød i tillegg.

Bestill kurs her

3 dagars Yogaretreat på Aarvik Gard

Her får du 3 dagar med praktisering av Yoga saman med Anita som driv Skogens Ro Yoga. På mandagen blir du ønska velkommen av Anita, Anne Lill og Ranita. Du får blant anna vere med på klassisk yoga, kveldsmeditasjon, kirtan krya (forskningsbasert aktiv meditasjon for indre ro yogaøvingar), morgon yoga "ta vare på din energi", bålterapi, mindfulness og sansetur i skogen.


I programmet blir det ôg nydeleg mat frå vår gode kokk Anne Lill som skal vere med oss desse dagane. Anne Lill driv Stene Matglede og ho har eit stort hjarte for reine og gode råvarar som er dyrka med omsyn til natur og menneske. Me får nyte god frukost, lunsj og middag saman i historiske Røykstovo som er det eldste bustadshuset i klyngetunet. Om veret tillet kan me nyta nokre av måltida ute på gardstunet.


Det blir anledning til å bade i sjøen, ta seg ein tur på stølen oppforbi garden, helse på dyrene og nyte eigentid der ein ynskjer på garden.


De skal få bu både oppe på Oldemors Stove med nydeleg utsikt mot Bjørnefjorden eller i nyrestaurerte Gamlastovo. Me har moglegheit til å ta imot 5 som ynskjer enkeltseng og 2 par som får sove i dobbeltseng. De får utdelt badekåpe og badehåndklede, og de får sove i økologiske Sleep on Nature sengar.


Meir detaljert informasjon med program kjem ved påmelding. Bindande påmelding innan søndag 29.september, gjennomføres med forbehold om nok påmeldte.

Bestill kurs her

Kurs søtbakst

På kurset får du praktisk opplæring i korleis du bakar med søt bakst slik eg gjer det i bakeriet med lite gjær og lang hevetid.


Me bakar tangzhong-boller med ulike typar fyll og scones.


Kurset inkluderer:

Praktisk opplæring, ferdigsteikt bakverk, 2 deigar, snitteblad, startar, oppskrifter med fremgangsmetode og ein god lokalmat lunsj med nybakte rundstykker og boller.


Ta med 2 små bakeboller, gode sko, forklede, kjøkenhandklede og gjerne kjølebag til å ha deigane dine i til heimvegen.


Pris kr: 1390 kr

Bestill kurs her

Privat kurs eller ditt eige arrangement hos oss?

Me ynskjer å hjelpe deg om de ynskjer eit eige arrangement, foredrag eller kurs hos oss. Gi oss ein lyd om dine ynskjer og behov så skal me hjelpe deg så godt me kan.

Bestill her
Share by: