Autentisk, varm og i pakt med naturen er vår filosofi.
Slapp av og sov på økologiske og handlaga Sleep on Nature madrasser frå COCO-MAT og høyr sildringen frå Aarvik-elven som renner gjennom gardstunet. Ro ned sjelen og kom til deg sjølv i lune og koselige Gamlastovo.
Kanskje du vil ta deg eit lite morgonbad i sjøen, før du nyter ein god frukost med nybakt brød frå bakeriet. Her får du også helse på dei søte Kystgeitene som beitar i skogen rundt gardsbruket.
Gamlastovo frå 1800 talet restaureres i desse dagar og me åpner for fyrste gong i slutten av mai 2024 for overnatting og ferieopphold.
I det vesle økologiske bakeriet og kafèen vår bakar me alt for hand i steinovnar. Her bakar me surdeigsbrød, skillingsbollar, mandelknutar, croissanter, store kringler, scones, focaccia og mykje anna økologisk handtverksbakst som varierer litt etter årstid og ynskje frå kundane og bakaren sin inspirasjon.
Baksten bakes med steinmalt økologisk mjøl frå gardar på austlandet. Her kan du også tinga frukost i samband med opphaldet ditt.
Bakeriet bygges vinteren/våren 2024 og åpner 01.juni.
På garden har me ulike kurs og foredrag i løpet av året:
Du får med ulike oppskrifter på surdeigsbrød, søtbakst og dekoreringsteknikkar. Du vil også få lære korleis du skal halde startaren din frisk og i god form, sjølve grunnlaget for smakfulle brød.
Julia M
Silje H. Rangset
Mette Holmefjord Olsen
2023 Alle rettigheter forbeholdt Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage